Støtteordning for etterisolering og/eller skifte av vindauge - næring
- Tilskot kr/kvm er illustrert under
- Tilskotet gjeld for bygg som er oppført før 1987
- Areal og u-verdi på isolasjon og vindauge må koma fram i tilbodet
- Maksimal støtte er på kr. 500 000,- for bygget/verksemda/organisasjonen
Etterisolere yttervegg/tak 10 cm
Støtte/kvm: Kr. 500
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,22
Etterisolere yttervegg/tak 15 cm
Støtte/kvm: Kr. 600
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,18
Etterisolere tak mot loft
Støtte/kvm: Kr. 350
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,18
Etterisolere golv mot kald kjellar
Støtte/kvm: Kr. 350
U-verdi før tiltak: >0,3
U-verdi etter tiltak: <0,2
Nye vindauge
Støtte/kvm: Kr. 2000,-
U-verdi før tiltak: >2
U-verdi etter tiltak: <1,2
Generelt om ordninga
- Du kan søkja på dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026
- Samla offentleg støtte for privat næringsliv kan ikkje overstiga EØS regelverket sine grenser, jf gruppeunntaket. Suldal kommune kan toppfinansiera opp til EØS-regelverket sine grenser.
- Søkjar må senda inn dokumentasjon på anna offentleg støtte til same føremål.
- Mva-registrert verksemd får berekna støtte eksklusiv mva.
- Alle burettslag, sameiger, lag/organisasjonar og private yrkesbygg som er registrert i Brønnøysundregistret med adresse i Suldal kan søkja.
- Det er søkjaren sitt ansvar å undersøka med Suldal kommune v/bygdeutvikling om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkja om byggeløyve.
- Du bør søkja og få innvilga støtte før du bestiller materiale og tenester, eller inngår avtale med leverandør. Dersom du set i gong før du får tilsegn gjer du det på eiga risiko.
- Du må senda inn ferdigmelding når jobben er fullført. Denne skal innehalde sluttrapport, fakturaer for tiltaket og dokumentasjon på at fakturaene er betalt.
- Eigeninnsats inntil 100.000,- kr kan inkluderast. Det må dokumenterast med timeliste.
- Søkjar kan maksimalt få 1 million kr i støtte alle tiltak sett under eitt. Regelen gjeld også for konsern.