Støtte til solceller:
- Både private hushald og hytteeigarar kan søkja om støtte til dette tiltaket.
- Du kan få støtte til eit solcelleanlegg per husstand. Du får ikkje støtte til både hus og hytte.
- Hytteeigarar må leggje ved byggeløyve eller dokumentasjon frå Bygdeutvikling om at byggeløyve ikkje er naudsynt.
- Støtta dekkjer inntil 60% av investeringskostnaden. Maksimal støtte kr 100.000,-.
- Du kan få kr. 20.000 i støtte til installasjon og kr. 4000 per kWp installert, opptil 20 kWp,
- Anlegget må vera tilkopla elektrisitetsnettet gjennom ein plusskundeavtale.
Merknad: Dersom ein nyttar den kommunale ordninga vil ein ikkje få Enova-støtte. Enova gir inntil 35% støtte, så den kommunale ordninga er 25%-poeng betre. Enova kan i tillegg gje støtte til leasing, det gjer ikkje kommunen.
Generelt om ordninga:
- Du kan søkja om støtte for dette tiltaket ut 2023. Det er lagt opp til tilsvarande ordning ut 2026.
- Du kan søkja om tilskot både i forkant og etterkant av når tiltaket blir gjennomført. Du kan søkja om tilskot for tiltak som er gjennomført etter 01.10.2022.
- Dersom du gjennomfører tiltaket før du søkjer må du i søknaden legge ved kopi av utført arbeid og faktura.
- Dersom du søkjer i forkant må tilbodet du har motatt følgje søknaden. Når du får faktura må du senda kopi til kommunen som betaler ut støtta.
- Det er søkjaren sitt ansvar å undersøka med Suldal kommune v/bygdeutvikling om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkja om byggeløyve.
- Du må vera juridisk eigar av bustaden/hytta.