Om tilskotsordninga
Kommunestyret i Suldal har vedteke ei kommunal tilskotsordning for lokale verksemder råka av auka utgifter grunna høge straumprisar.
Kort om kriteria
Målernummer/Målepunkt-ID må vere registrert på eit organisasjonsnummer med kode næring. Det må kome klart frem av fakturaen.
- Støtta skal vera tilsvarande den statleg støtta for jordbruket og veksthusnæringa. Støtta dekkjer 80 % av kostnadane over 70 øre /kWh eks mva for straumforbruket i månadane april til og med september og 90 % av kostnadane over 70 øre /kWh eks mva i oktober, november og desember. Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden.
- Stønaden vert utbetalt kvar tredje månad etter søknad.
- Ordninga skal gjelde alle små og mellomstore verksemder. Små og mellomstore verksemder blir definert som verksemder med mindre enn 100 tilsette og mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning.
- Ordninga gjeld ikkje for offentlege verksemder.
- Ordninga gjeld ikkje for produsentar av kraft.
- Det vert gitt støtte for forbruk på inntil 50 000 kWh per verksemd per månad.
- Verksemda må stadfeste at dei ikkje er omfatta av ei statleg ordning.
- Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte.
- Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter.
Søknadsfrist
Det er ope for kvartalsvis søknad med følgjande fristar:
- 1. kvartal - 15. mai
- 2. kvartal - 15. august
- 3. kvartal - 15. november
- 4. kvartal - 20. januar