Arbeidstakars rettar til dekning av databrille er heimla i lov og interne føringar:
Forskrift om organisering, leiing og medverknad
§ 14-4. Undersøking av arbeidstakarens syn ved arbeid ved dataskjerm.
Arbeidstakare som jamnleg og som ein betydeleg del av sitt arbeid arbeidar ved dataskjerm, skal få tilbod om undersøking av auge og syn føretatt av ein person med naudsynte kvalifikasjonar:
- før dei startar arbeid ved dataskjerm
- om naudsynt med jamne mellomrom i tida etter òg
- dersom dei får synsproblem som kan skyldas arbeidet ved dataskjermen
Arbeidstakarane skal ha rett til undersøking hos augespesialist dersom utfall av undersøkinga og prøvane nemd i første ledd gjer det naudsynt. Dersom utfall av prøva eller undersøkinga gjer det naudsynt, og dersom vanlege synskorrigerande hjelpemiddel ikkje kan nyttast, skal arbeidstakarane få spesielle synskorrigerande hjelpemiddel som er egna for vedkommande sitt arbeid.
Utgifter til spesielle synkorrigerande hjelpemiddel dekkast av Suldal kommune med kr.3000,-.