Føresette kan etter § 2-11 i opplæringslova søkja elevar fri frå skulen i inntil to veker.
Opplæringslova § 2-11
Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trosamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trusamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
Permisjon 1 - 3 dagar
Dersom permisjonen er på tre dagar eller mindre, kan kontaktlærar innvilga søknaden. Søknad sendast inn via Transponder Meldingsbok.
Permisjon 4 - 10 dagar
Dersom permisjon omfattar meir enn tre dagar søkjar du via dette skjema. Søknadane vert handsama av rektor.
Søknad om permisjon over tre dagar må vera skulen i hende i god tid (minst 14 dagar) før planlagd fråver.