Målgruppe:
Dersom du skal servere alkoholhaldig drikk på eit arrangement må du søkje om skjenkeløyve. Du kan søkja om skjenkeløyve ved einskild høve (ope arrangement) eller ambulerande skjenkeløyve (slutta lag).
Ambulerande skjenkeløyve kan ikkje brukast når gjestane er invitert via annonser, plakatar eller sosiale medier. Då må det søkjast om skjenkeløyve ved einskild høve.
Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år. Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.
Må eg ha løyve?
Det må søkjast om ambulerande skjenkeløyve (slutta lag) dersom ein eller fleire av følgjande føresetnader er tilstades:
- Dersom ein leiger lokale + fleire tenester (f.eks. vasking, servering o.l.) av utleigar
- Dersom ein tar betalt for alkohol
- Dersom lokalet festen skal haldast i har serveringsløyve