Politisk verksemd i Suldal

Kommunelogo - Klikk for stort bilete

Kommunen sitt øvste organ er kommunestyret som blir valt av innbyggjarane kvart fjerde år. Dei gjer vedtak på vegne av kommunen, men har også delegert avgjersrett til ordføraren, rådmannen og politiske utval.

Kva saker som skal avgjerast av kommunestyret sjølv og kva saker som er delegert til andre, har kommunestyret vedteke i eit delegasjonsreglement (PDF, 2 MB)der ikkje anna følgjer av lov.

Ordføraren

Ordføraren er kommunen sin framste representant. Han/ho kallar inn og leier møta i kommunestyret og formannskapet. Ordføraren er også det daglege bindeleddet mellom dei folkevalde og administrasjonen.

POLITISKE UTVAL

Kommunestyret vel også styremedlemmer og bestemmer kven som skal møte i representantskap til foretak kommunen har interesser i.

Formannskapet handsamer særleg saker som omhandlar økonomi og næringspolitikk. Formannskapet har dessutan ei særleg rolle etter lova, nemleg å handsame årsbudsjett, økonomiplan (langtidsbudsjett) og skattevedtak for kommunen.

Levekårsutvalet handsamer saker som omhandlar folk sine levekår, som til dømes barnehage, skule, kultur, helse og omsorg.

LMT-utvalet handsamer saker av teknisk karakter, som reguleringsplanar, byggjeprosjekt og vegar, men også miljø og naturforvaltning.


Rådmannen og administrasjonen

Kommunestyret tilset også rådmannen, som er administrasjonssjef og den øvste leiaren for dei tilsette i kommunen. Rådmannen har ansvar for den daglege drifta av kommunen og skal sjå til at politiske vedtak blir følgt opp. Rådmannen førebur også dei fleste sakene som går til politisk handsaming.

Kommunal organisering kan du lese meir om i kommunelova.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Gerd Helen Bø
Gerd Helen Bø
Ordførar
52 79 22 01
Kari Vaage Gjuvsland
varaordførar
52792236