Informasjon om Ulla Førre næringsfond

I budsjettet for 2016 er det avsett kr.3 millionar til støtte/utlån frå Ulla Førre næringsfond.

Styret for fondet er personidentisk med formannskapet i Suldal.

Søknader vert handsama i møte lagt til same dato som formannskapsmøta.

Søknader må vera i tråd med vedtektene for fondet. Søknader må innehalda forretningsplan med budsjett. Det vil bli innhenta økonomiske opplysningar av søkjar/bedrift som del av sakshandsaminga. Vedtektene for fondet finn du på heimesida til Suldal kommune.

For informasjon om fondet og evt hjelp til å laga søknad kan ein kontakta:

Suldal Vekst AS tlf 52790600

Astrid Brommeland, bygdeutviklar 52790619 / 95748637

Torbjørn Guggedal, kommunalsjef 52792200 / 40406312

 

Fann du det du leita etter?