Landbruk, skogbruk og miljø

landbruk - Klikk for stort bilete

 

For Suldal er primærnæringane viktige både som arbeidsplassar for matproduksjon og verdiskaping i tilleggsnæringar som til dømes energiproduksjon og utvikling av hytteområde. Vidare er landbruket viktig som grunnlag for busetjing, og ikkje minst for å ivareta kulturlandskapet i heile kommunen.

Arbeidsoppgåver hjå Bygdeutvikling

  • Sakshandsaming etter jordlova, konsesjonslova, odelslova, skoglova, viltlova, lov om ervervsmessig husdyrhald, forpaktingslova, forskrift om melkekvotar, forskrift om kulturlandskap m.m.
  • Forvaltningsoppgaver som tilskotsordningar innan jord/skogbruk, skogavgift, kontrollfunksjonar og arealforvaltning/miljøforvaltning er viktige delar av verksemda.
  • Næringsutvikling, forvaltar ordningar innan Innovasjon Norge.


NASJONALE, REGIONALE OG LOKALE TILSKOT OG STØTTEORDNINGAR

Produksjonstilskot
Alle som driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedommar kan søkja om produksjonstilskot. 
Føretaket må vera registrert i Einingsregisteret.
Sjå her for meir informasjon.

Skogsvegtilskot og tilskot til skogkultur skal stimulera til langsiktige investeringar i skogen.

Skogbrukstiltak
Det kan gjevast tilskot til prosjekt med føremål å auka verdiskapinga innan skogbruksnæringa. Det kan og gjevast støtte til utviklingsprosjekt innan treindustri og bioenergi.

Regionalt miljøprogram for jordbruket i Rogaland (RMP-midlar)
Årlege midlar som blir utdelt etter søknad ein gong i året for å:
Ivareta prioriterte kulturlandskap
Fremja biologisk mangfald
Ta vare på kulturminne
Minske næringstap til luft og vatn
Gi opplevingar av kulturlandskapet til befolkninga

Eit vilkår for å få RMP-midlar er at ein mottek produksjonstilskot i jordbruket.
Elektronisk søknad via Altinn med søknadsfrist 20. august.
Informasjon om Regionalt miljøprogram ligg på heimesida til Fylkesmannen i Rogaland.  
 

Kulturlandskapsordninga
Gjennom SMIL-ordninga kan det gjevast støtte til spesielle tiltak i kulturlandskapet. Døme på tiltak kan vera restaurering av eldre driftsbygningar, gardshus, stabbur, eldhus, jordkjellarar, tilrettelegging av turstiar, ivaretaking av biologisk mangfald m.m.

Lokale støtteordningar
Suldal kommune ynskjer å ha eit livskraftig og framtidsretta landbruk. For å få til dette er det eigne støtteordningar til landbruket og distriktsnæringar.

Ta kontakt med oss på bygdeutvikling for fleire opplysningar.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Endre Gjil
Einingsleiar - Bygdeutvikling
52792401