Suldal er Fairtrade-kommune

Fairtrade kommune logo - Klikk for stort bilete

Kvar gong du kjøper eit produkt med Fairtrade-merket på, bidrar du til å betre leve-og arbeidsforhold for bønder, arbeidarar og deira familiar i sør. Husk at kvart kjøp tel!

Suldal kommune vart Fairtrade-kommune 8. september 2009. Kommunen har ei breitt samansett styringsgruppe som arbeider jamnt og trutt med informasjon om Fairtrade.

Suldal er ein av 38 kommunar i Noreg som er registrert som Fairtrade-kommune.

Statusen Fairtrade-kommune er ei utnemning for kommunar som engasjerar seg for etisk handel og arbeider for å auke kjennskap til og forbruk av Fairtrade-merka produkt i eigen organisasjon og i sitt lokalmiljø.

I ein Fairtrade-kommune arbeider fleire samfunnsaktører saman for å nå felles mål slik at dei kan motverka fattigdom i utviklingsland gjennom handel.

For å få status som Fairtrade-kommune må det arbeidast aktivt for å oppfylla grunnkriteria som er sett av Fairtrade Norge. Når kommunen oppnår status som Fairtrade-kommune skal det også drivast eit kontinuerlig arbeid i kommunen for å auka kunnskapen om etisk handel, og for å auka forbruket av Fairtrade-merka produkt.

Kontaktperson for Suldal kommune som fairtrade-kommune er Turid Vaage.

FAIRTRADE NORGE SI HEIMESIDE

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Suldal Kommune
Suldal Kommune
Sentralbord
52 79 22 00