Administrasjonen

 Kommunehuset - Klikk for stort bilete

Rådmannen
Rådmannen er øvste leiar for dei tilsette. Han har ansvar for at kommunen utfører dei oppgåvene og yt dei tenestene kommunen er pålagt gjennom ei lang rekkje lover og føresegner.
For å gjere dette har rådmannen med seg mellom 700 og 800 tilsette fordelt på 450 årsverk (per 01.01.2016). Dei aller fleste er fordelt på dei 22 einingane (skule, barnehage, pleie og omsorg, teknisk, kultur, o.s.b) som har kvar sin einingsleiar, samt sentralstaben som sit på kommunehuset.

Når kommunestyret eller andre politiske utval vil ha gjennomført eit vedtak, går oppgåva til rådmannen. Han er administrasjonen sitt formelle kontaktpunkt med politikarane og møter i dei politiske møta med tale- og forslagsrett. I alle saker som er handsama av dei tilsette i kommunen har rådmannen det formelle ansvaret.

Rådmann er Øyvind Valen

Rådmannen si leiargruppe består av :

 

Sentral stab
I den sentrale staben er det rådgjevarar innafor oppvekst, pleie og omsorg, folkehelse, kriminalitetsforebygging og planarbeid, samt utbygging og eigedomsforvaltning, til saman mellom 5 og 6 årsverk.

I tillegg er det tre avdelingar:

Løns- og personalavdelinga
Løns- og personalavdelinga representerer kommunen som arbeidsgjevar. Blant arbeidsoppgåvene er tilsettingar, lønsutbetaling, arbeidsmiljø og HMS samt samarbeid med tillitsvalte og verneombod.

Løns- og personalsjef er Tordis-Kristin Tobiassen.

Kommunekassen
Kommunekassen fører kommunen sin rekneskap og er dessutan kommunen si IT-avdeling. Kommunekasseraren er også skatteoppkrevjar.

Kommunekasserar er Arnfinn Gundersen.

Servicetorget
I servicetorget ligg felles postmottak for kommunen, arkiv, sentralbord og drift av kommunen si nettside. Servicetorget inkluderer også politisk sekretariat, sekretariat for ordføraren, kommunestyret og dei politiske utvala. Drift av kommunehuset og sakshandsaming av sals- og skjenkeløyver finn ein også her.

Leiar for servicetorget er Turid Vaage.

Det er innført vegadresser for alle fastbuande i kommunen og dei fleste hytteområda. Nå gjenstår i hovedsak adresser til hytter i heie-områda der det ikkje er veg.

Det siste området som fekk tildelt vegadresser er Gullingen-området.

Posten har laga ei enkel løysing slik at du raskt kan informere kontaktane dine.

 

Sjå Kommunen har endra mi adresse

 

Dersom du har spørsmål til Posten, ta kontakt på telefon: 04004 eller på nett.

Suldal kommune har innført vegadresser for alle bygningar nytta til bustadføremål, fritidsføremål, næringsverksemd, offentleg verksemd og anna verksemd som tener eit større publikum. Den 18.10.2011 vedtok kommunestyret namn på 130 nye adresseparsellar/adresseområde.

Avdeling for Bygdeutvikling har ansvaret for å tildele adresser etter at kommunestyret har vedteke vegnamna. Arbeidet med adressetildeling er regulert av  Matrikkellova § 21 med tilhøyrande forskrifter, Matrikkelforskrifta kap 12

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Øyvind Valen
Rådmann
52 79 22 21
Suldal Kommune
Suldal Kommune
Sentralbord
52 79 22 00