Visste du at du kan stemme frå 1. juli?

logo - Klikk for stort biletelogo Dersom du ikkje har høve til å stemme valdagen, eller i den ordinære perioden for førhandsstemmegjeving, kan du frå 1. juli t.o.m. 9. august vende deg til kommunen og avtale tid for å stemme.

Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med legitimasjon!

Før valdagen kan du førehandstemme i kva kommune som helst i landet. På valdagen må du stemme i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre stemme ein gong.

For meir informasjon om valet, sjå www.valg.no eller ta kontakt med kommunen.

Servicetorget på kommunehuset har ope måndag - fredag kl 08:00 - 15:30.

52 79 22 00    postmottak@suldal.kommune.no


 

Fann du det du leita etter?