Vinnare av byggeskikksprisen og landbruksprisen 2021

Fredag 21.januar leverte ordførar Gerd Helen Bø og LMT-leiar Magne Langeland byggeskikksprisen og landbruksprisen til vinnarane for 2021.

Grunngjevinga for pristildelinga

Magne Langeland, Gerd Helen Bø, Olai Sildelid, Judit SildelidLandbruksprisen

Landbruksprisen i år går til Judit og Olai Sildelid.
Dei kjøpte garden på Gryte i 1991. Det var ein veglaus gard med gamle umoderne bygningar. Det var gevinsten frå sal av oppdrettsanlegg som vart tilført landbruket.
Dei bygde veg, ny driftsbygning for storfe, nytt sauehus og  moderne hønshus. Og dei bygde nytt bustadhus med stor garasje. Det vart nydyrka store areal og ikkje minst rydda dei 150 da innmarksbeite. I tillegg til eige areal held dei kulturlandskapet i hevd på over 200 da leigejord. 
Familien har og to kraftverk på garden som produserer mellom seks og sju GWh i året. Nok straum til  250 -300  husstandar.
Rundt Grytevatnet er det fine turområde. Judit og Olai har tilrettelagt eit stort turvegnett på eigedommen.
Begge er heiltisdbønder, men på etterjulsvinteren steller Judit åleine for då er Olai på Lofotfiske saman med broren. Olai er og med på fiske om sommaren. Då er det makrellkvoten som skal fyllast.
Men Judit er ikkje «berre» heime på garden. Ho er aktiv i fritidsklubben for barn/ungdom.
Det vert hevda at det avgjerande for om neste generasjon vil overta ein gard er kva foreldra seier rundt frukostbordet. Judit og Olai har fire ungar. Ein går ennå på skulen, medan tre er etablerte med familie på Ropeidhalvøya.
Landbruksprisen går til bønder som i stor grad er med på både å sikra og  å halda oppe eit levande og aktivt landbruk i kommunen. 

Gerd Helen Bø, Erling Ritland, Kristin Bern Byggeskikksprisen 

Suldal kommune sin pris for bygningsvern går i 2021 til Kristin Bern og Erling Ritland for restaureringa av våningshuset på Foss. 
Våningshuset er eit tradisjonelt tredelt ryfylkehus med lafta stove og bu. Inngang og kjøkken i midtre del av huset, bygd i sleppverk. Huset var sterkt prega av forfall når restaureringa tok til. Bygget er nå restaurert til slik det var på om lag på 1860-talet, då laftekassane vart samanbygde. Arbeidet er i hovudsak gjort av handverkar Jostein Tveit. 
Innsatsen som er lagt ned på Foss er gjort på ein framifrå måte sett med antikvariske auge. Originale bygningsdelar som til dømes laft, vindauge, dører, listverk og kleding er tatt vare på og restaurert eller kopiert på tradisjonelt vis. Det er ikkje skifta ut meir enn naudsynt. 
Eigarane har til hensikt å bu i huset. For fleire hadde det vore naturleg å vurdere eit tilbygg for å gi betre plass. Den freistinga har eigarane har stått i mot, og bygningskroppen er derfor bevart. Moderniseringar slik som isolering av yttervegger og opplegg til vatn og straum er gjort på ein varsam måte som ikkje rører ved utsida av huset. 
Restaureringa som er gjort på våningshuset er av slik kvalitet at ho kan tene som eit godt døme på korleis slike bustader kan settast i stand, og kan vera til inspirasjon for andre. Juryen er imponert over innsatsen som er lagt ned i å redde eit hus der forfallet hadde kome langt før arbeidet starta. 
Byggeskikkomiteen 
Magne Langeland, Rolf Skjelstad, Simen Bie Malde

Heiderleg omtale

Byggeskikkutvalet vil i 2021 gi heiderleg omtale til Bjørg Tysdal Moe og Eirik Moe for å ha tatt vare på Litlehammar skule frå 1940. 
Skulehuset er flytta til Mokleiv og rehabilitert til eit hus som blir tenleg for mange ulike kulturformål. Flyttinga og rehabiliteringa er eit imponerande og viktig kulturarbeid. Plasseringa i landskapet og rehabiliteringa er godt gjennomført.
Byggeskikkomiteen 
Magne Langeland, Rolf Skjelstad, Simen Bie Malde