Varsel om vårflaum i Suldalslågen

Statkraft meldar om spyleflaum i Suldalslågen frå 25. - 30.april.

Bakgrunn

Statkraft manøvrerar kraftstasjonar og dammar slik at vassføringa i Suldalslågen er i samsvar med reglementet for Ulla-Førreverka. Som følgje av manøvreringsreglementet for Suldalslågen, vil Statkraft auka vassføringa til Suldalslågen slik at det oppstår vårflaum. 

Vassføringa ut av Suldalsvatnet vil  auka frå 20 til 200 m³/s i løpet av to døger (25.-26.04.22).

Vidare konstant vassføring i 4 døger ( 27.-30.04.22).

I samsvar med reglementet skal Statkraft ved flaum «ta sikte på å halde vassføringa ved Larvika under 350 m³/s». Vi kan difor ikkje sjå at flaumane medfører fare for skadeflaum.

Det vil i denne perioden vere sterk straum oppstraums dam ved Suldalsosen. Ferdsel på vatnet i dette området er forbunde med stor fare. Statkraft understrekar at vasstanden i Suldalslågen vil auka raskt, og tilrår alle å fjerna eller sikra verdiar i strandsona.

Ved spørsmål, ta kontakt med kraftverkssjef
Bjørn Sandvik, tlf. 52 79 32 20 / 481 64 403.