Varsel om stor skogbrannfare
For tida er det særs tørt i regionen. Det er sendt farevarsel på oransje nivå for Vestlandet.
DSB
Kombinasjon av mykje vind og ingen nedbør førar lokalt til stor gras og lyngbrannfare i snøfrie område.
Difor har Meteorologisk institutt sendt ut varsel om stor skogbrannfare på oransje nivå for heile Vestlandet sør for Stadt, dvs. heile Rogaland.
Varselet gjeld fram til det kjem betydeleg mengd nedbør.
Nasjonalt bålforbod
Det er bålforbod i perioden frå 15.april til 15.september. I denne perioden kan ein ikkje tenna bål og grill, i nærleik av skog og utmark.
- Ein kan gjer opp ild/tenna bål dersom det heilt sjølvsagt at det ikkje kan begynna å brenna, til dømes at det ligg snø.
- Ein kan nytta primus og kokeapparater i tilfelle kor det ikkje er fare for at det kan oppstå brann. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdera om det er forsvarleg å nytta.
- Ein kan grilla på tilrettelagte grill- og bålplassar.
- Ein kan grilla i din eigen hage.
Les meir om varsel frå Meterologisk institutt
Ved brann: ring 110
Publisert av Martine Førre
Publisert 25.04.2022 14.17