Varsel om snøskredfare - 21.03.17

NVE har sendt ut varsel om snøskredfare - faregrad 4 som er nest høgaste nivå - for tysdag 21. mars 2017.

Det er meldt mykje nedbør i kveld og natt til tysdag. Snø frå 200-400 hoh. NVE har følgjande vurdering på sine nettsider; Det er venta at skredproblemet vil vera nysnøflak og fokksnø. Mykje nysnø måndag og tysdag vil gje pålagring i N-Ø-vendte heng. Forrige veke var det mykje fokksnø innblese i nord- og øst-vendte heng. I indre strok er det endå eit svakt lag av kantkorn i det gamle snødekket, som kan påvirka der fokksnøen frå den siste veka er tynn eller mjuk. Skredfaren blir vurdert til 4-stor i deler av regionen som får mest nedbør som snø. Store skred som løyser høgt til fjells kan ha lang rekkevidde og utløp ned til fjorden/dalen.

Det blir anbefalt at ski- og snøskuterferdsel held seg unna alt skredterreng. Enkelte vegstrekningar kan og vera utsette. Når Fylkesmannen snakka med snøskredvarslinga i NVE blei Gjesdal, Hjelmeland, Suldal og Sauda spesielt nemnt.

Fann du det du leita etter?