Varsel om planarbeid, detaljregulering for kaiområde og industriområde ved Berakvam i Suldal kommune, PlanID 2021-01

I samsvar med §§12-3, 12-8 og 12-11 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av privat detaljreguleringsarbeid.  

Føremål

Føremålet med planarbeidet er å legga til rette for bygging av kaiar og etablering av eit nytt industriområde på utfylt sjøareal og nedsprengt terreng like sør for dagens industriområde. Det skal etablerast ny avkjøring frå fylkesveg 517 sør i planområdet. Det er tenkt to nye kaiar, ein tømmerkai og ein utskipingskai for stein, som tek utgongspunkt i nes/fylling sør i eksisterande reguleringsplan. Kaiane skal byggast på fylling vest og sørvest på Tjørnanesgrunnen, omlag 120 m ut i sjøen. Vidare er føremålet å utvida eksisterande industriområde mot sør, slik at området på land bak dei nye kaiane, vert industriområde. Utanfor varslingsgrensa skal plan 201011 vidareførast.

Samla areal som kan inngå i planen, utgjer omlag 35 daa på land og omlag 70 daa i sjø, basert på ei foreløpig vurdering av tiltaket i sjøen.

Planarbeidet

Klikk for stort bileteKunngjering BerakvamPlanen skal omfatta deler av eigedommen gnr. 136, gnr. 1, der Suldal kommune er i dialog med grunneigar. I tillegg er vegarealet til fv 517 (Jelsavegen) tatt med. Foreløpig er plangrensa trukke aust for fylkesvegen på gnr. 136 bnr. 5 for avklaring av sikt.
Planarbeidet er vurdert til å utløysa krav om konsekvensutgreiing utan planprogram eller melding, jf. forskrift om konsekvensutredning (§§ 4-2 (2) og § 8, samt bokstav 10 e) og k) i vedlegg II). Grunngjeving for krav om konsekvensutgreiing er knytt til området sin verdi for naturmangfald, jf.§ 10, 3 b) i forskrifta. Temaet som skal utgreiast er naturmangfald i sjø og på land. I tillegg skal kulturminne, landskap, forureining (luft, grunn, vatn samt støy) og jord- og mineralressurser vurderast.

Informasjon

Innspel eller kommentarar til planarbeidet?

Sendast til Norconsult AS, Pb. 458, 5501 Haugesund

E-post: peter.sonnenberg@norconsult.com eller firmapost@norconsult.com

Spørsmål kan rettast til Peter Sonnenberg på tlf. 454 04 714.

Frist for uttale

Frist for uttalar og merknader er 05.04.2021