Varsel om planarbeid, detaljregulering for hydrogenanlegg på Jelsa i Suldal kommune, PlanID 2021-02

I samsvar med §§12-3, 12-8 og 12-11 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av privat detaljreguleringsarbeid.

Føremål

Føremålet med planarbeidet er å etablera eit nytt hydrogenanlegg med lagerareal for utskipingsklare konteinare, basert på utviding av industri-/lagerareal og forlenga kai. Kaien skal etableras ved ny fylling i sør, i forlenginga av eksisterande kai. Vidare er føremålet å utvida eksisterande industriområde mot nord slik at det kan etableras eit lagerområde på nordsida av dagens bygg.
 
Samla areal som kan inngå i planen, utgjer ca. 90 daa, av dette ca. 47 daa som er landareal i dag, basert på en førebels vurdering av tiltaket i sjøen og ei mogleg yttergrense for fareområde på minimum ca. 150 m frå kilden. Eigedommene som vert råka går fram av figur 2, der eigeendommar innenføre førebels plangrense og 4 naboeigedommar er vist. Sjøarealet går sør til ei grunne kalla Jelsahunden og inntil leia til Jelsa fergekai. 

Om tiltaket

Kommunen har vurdert at tiltaket og planarbeidet vil utløysa krav om konsekvensutgreiing utan planprogram eller melding, jf. forskrift om konsekvensutredning (§§ 4-2 (2) og § 8, samt bokstav 10 e) og k) i vedlegg II). Grunngjeving for krav om konsekvensutgreiing er knytt til området sin verdi for naturmangfald, jf.§ 10, 3 b) i forskriftea. Temaet som skal utredast er naturmangfald i sjø. I tillegg skal kulturminner, landskap, støy og hensynsoner (fareområder) vurderast. Hensynsoner/fareområder er sentrale fordi anlegget kjem inn under «Storulykkesforskriften» med tilhøyrande krav om samtykke fra DSB. Temaet vil òg vera ein del av ROS-analysen.
 
Norconsult AS skal, på vegne av Gen2Energy AS, fremma forslag til detaljreguleringsplan basert på planinitiativet og kommunen sitt referat frå oppstartsmøtet. Sjå vedlagt kart over planområdet.  (PDF, 284 kB)

Innspel eller kommentarer 

Innspel eller kommentarar til planarbeidet kan sendes til Norconsult AS, Pb. 458, 5501 Haugesund eller på e-post til peter.sonnenberg@norconsult.com, eller firmapost@norconsult.com. Spørsmål kan rettast til Peter Sonnenberg på tlf. 454 04 714.  

Frist

Frist for uttale og merknadar er 01.07.2021.
 

Referat frå oppstartsmøte (PDF, 137 kB)

Les planiniativet (PDF, 2 MB)