Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Randåsen - Klypa

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne av Suldal kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Randåsen - Klypa på Sand i Suldal kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Suldal kommune og Omega Areal as.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for bustader, friområde og LNFområde. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for einebustader og rekkehus/ konsentrert busetnad i området Randåsen - Klypa på Sand. Området inngår i dei eldre planane for Sand terrasse (1980) og Randåsen II (1997), begge med bustader som hovudføremål. Hovudtilkomsten til området vil skje frå Randåsen- sida via Eidssjøvegen/ Eidsvikvegen.

Området er av Suldal kommune vurdert til ikkje å utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då bustadføremålet er i hovudsak i tråd med overordna plan.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000. Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 14.02.2020.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.