Varsel om oppstart av arbeid med detaljplan Nesflaten sentrum gnr. 59 bnr. 25 med fleire, Planid 201704

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil Suldal kommune varsle om oppstart av arbeid med detaljplan for Nesflaten sentrum på gnr.59 bnr.25 m.fl. Lenke til kart over planområdet finn du her (PDF, 2 MB).

Deler av området er i dag omfatta av ein eldre reguleringsplan for Nesflaten skuleområde, men også uregulerte områder som er sett av til LNF-område med høve til spreidd bygging av bustader, fritidsbustader og næringsbygg i gjeldande kommuneplan.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for konsentrert bustadbygging og elles utvikling av sentrumsområdet.

Den planlagde bruken er vurdert til ikkje å utløysa krav om konsekvensutgreiing (KU).

For nærare informasjon kan du kontakta Suldal kommune, tenesteområde Bygdeutvikling, tlf. 52 79 22 00.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast innan 01.02.2018 til

Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no

Etter dette vil sjølve planforslaget verta utarbeidd. Etter første gongs handsaming i LMT-utvalet vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vera høve til å komma med merknader til planforslaget før endeleg handsaming og vedtak av planen

Fann du det du leita etter?