Varsel om endring av detaljreguleringsplan, gnr.176/4 Stuvik i Suldal kommune.

I samsvar med §§12-3, 12-8 og 12-14 i plan- og bygningslova varslar Norconsult om oppstart av arbeid med mindre endring av vedtatt plan-ID 201022, Stuvik, Torsteinbuvegen, 4235 Hebnes.

Formålet med planendringa er å regulera inn ei ekstra tomt for ein ny fritidsbustad, i tillegg til dei fire som allereie ligg i eksisterande plan. Den nye tomta (BFR5) er tenkt plassert i friluftsområdet i sør-vestre del av planområdet, med tilkomst frå eksisterande felles avkøyrsel, og tilgang til eksisterande felles parkeringsplass. Endringa kjem ikkje i kontakt med eksisterande fritidsbustadformål, køyrevegen eller kystlinja nord i planområdet. Det er om lag 150 m frå den nye tomta ned til sjøen.

Her kan du lesa saksutgreiing (PDF, 2 MB) og sjå kart (PDF, 446 kB).

Spørsmål og innspel

Spørsmål kan rettast til Anne Margrethe Myhre på tlf. 454 01 466. 
Innspel eller kommentarar til planarbeidet kan sendast til Norconsult AS, Lagarhusvegen 5, 4230 SAND eller på e-post til anne.margrethe.myhre@norconsult.com eller firmapost@norconsult.com

Frist for uttalar og merknader er 01.12.2021.