VANNSKUTER – IKKJE FRITT FRAM

Fram til i vår var det eiga forskrift  knytt til bruk av vannskuter. Sjølv om dette regelverket nå er  oppheva finst  det framleis rammer for bruken. Det gjeld same regelverk for vannskuter som for andre fritidsbåtar. Desse rammene er gitt i det generelle regelverket knytt til ferdsel på sjø og i vassdrag. Regelverket går mellom anna fram av lov om fritids og småbåtar, hamnelova og naturmangfaldlova.  For ferdsel i vatn og vassdrag gjeld og motorferdsellova.

 

Me vil her minna om noko av dette regelverket:

  • Ein fritidsbåt skal førast slik at det ikkje oppstår fare for liv, helse, miljø eller materielle verdiar (lov om fritids- og småbåtar § 24)
  •  
  • Ingen må bruka eller etterlate fartøy, køyrety eller andre gjenstandar slik at det kan oppstå fare, skade eller ulemper… (lov om hamner og farvatn §34)
  •  
  • Fartøy skal visa varsemd og avpassa farten etter storleiken på fartøyet mv slik at det ikkje ved bølgeslag eller på anna vis oppstår skade eller fare for skade på personar, andre fartøy, strandline, kaiar, akvakulturanlegg eller omgjevnader elles (forskrift om fartsbegrensning § 2).
  •  
  • Einkvar skal opptre med aktsemd og gjera det som er rimeleg for å unngå skade på naturmangfaldet. (lov om naturmangfald § 6).
  •  
  • Det er spesielt  strenge reglar for fart og varsemd når folk badar.
  •  

God sommar og vis aktsemd på sjø og land!

Fann du det du leita etter?