Val 2021

Stortings- og sametingsvalet 2021 går av stabelen 13. september. 

Valdirektoratet si informasjonsside om valet 

Tidlegstemmeperioden - frå 1. juli til 9. august

Tidlegstemmer er førehandsstemmer som blir motteke i perioden frå og med 1. juli og fram til og med 9. august. Ordninga gjeld alle veljarar og er meint for dei som ikkje har høve til å stemma innanfor den ordinære førehandsstemmeperioden eller på valdagen.

Kvar og når kan du tidlegstemma?

Du kan gi tidleg førehandsstemme på kommunehuset.

Adresse
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Periode
1. juli til og med 9. august
Opningstid
Måndag til fredag klokka 08.00-15.30
Avtal tid på førehand, ring 52 79 22 00
Hugs å ha med legitimasjon!

Ordinær førehandsstemming - frå 10. august til 10. september

Me oppfordrar flest mogleg til å førehandsstemma ved årets val for å begrensa smitterisiko grunna koronapandemien. Me vil sørga for godt smittevern i førehandsstemmelokalet. Alle velgarar skal oppleva det trygt å avgi si stemme.

Kvar og når kan du førehandsstemma?

Førehandsstemminga er ved årets val lagt til Kulturhuset i Suldal, i deira opningstider.

14. august til 10. september

Førehandsrøysting - Kulturhuset
Vekedag Frå Til
Måndag kl.10.00 kl.16.00
Tysdag kl.10.00 kl.16.00
Onsdag kl.10.00 kl.16.00
Torsdag kl.10.00 kl.18.00
Fredag kl.10.00 kl.15.00
Laurdag kl.11.00 kl.15.00

I tillegg kan du laurdagar stemma ute i grendene. 

Førehandsrøysting - laurdagar
Dato Stad Frå Til
21.august Joker Vatlandsvåg kl.12.00 kl.15.00
28.august Joker Jelsa kl.09.00 kl.12.00
28.august Joker Erfjord kl.13.00 kl.16.00
4.september Nærbutikken Nesflaten kl.10.00 kl.12.00
4.september Joker Suldalsosen og Coop Marknad Suldalsosen kl.13.00 kl.16.00

Det blir også lagt opp til førehandsstemming ved våre helse- og omsorgsinstitusjonar.
Suldal sjukeheim: Fredag 03. september 12:00 - 14:00 
Vinjarheim: tysdag 07. september 10:00 - 12:00

Valting - valdagen måndag 13. september

På valdagen kan du stemma i det vallokalet du vil. 

For å stemma på valdagen må du stå i manntallet i den kommunen du skal avgi stemme i (vera registrert busett i Suldal kommune 30. juni i valåret).

Her kan du sjå våre vallokale og opningstider på valdagen.

Heimestemming (ambulerande stemmegiving)

Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få stemma heimefrå. Frist for å søka om heimestemming er fredag 10. september klokka 10.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Du kan ringa vårt sentralbord ( 52 79 22 00) og be om å få stemma heimefrå.

Det blir også høve til å stemma på våre helse- og omsorgsinstitusjonar Suldal sjukeheim og Vinjarheim. 

Det blir også lagt opp til førehandsstemming ved våre helse- og omsorgsinstitusjonar.
Suldal sjukeheim: Fredag 03. september 12:00 - 14:00 
Vinjarheim: tysdag 07. september 10:00 - 12:00

Personar som er i karantene eller sjuk med korona, skal ikkje oppsøka ordinære vallokaler. For veljarar som er i karantene eller isolat, er det mogleg å stemma heimefrå siste veka før valdagen (veke 36) og heilt fram til valdagen 13. september. 

Har du stemmerett?

Dette er krava du må oppfylla for å kunna stemma ved stortingsvalet 2021:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Står du i manntalet?

Har du flytta, og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2021, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å stemma der valdagen eller førehandsstemma i Suldal.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart, rundt 10. juli og til og med valdagen, på kommunehuset på Sand.

Valkortet blir digitalt

Ved det komande stortingsvalet får du tilsendt valkortet ditt digitalt.

Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsvalg og kommunestyre- og fylkestingsvalg. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer). Leiar i valstyret er  ordføraren.