Vaksinestatus veke 28

Denne veka har 119 personar fått vaksine i Suldal, alle dose 2.

Vaksineringa vil ta seg opp dei neste vekene.
Dei neste to vekene får me over 300 dosar kvar veke, og det vil vere mange som blir vaksinerte torsdag 22. juli og torsdag 29. juli. Innkallingane til 22. juli er sende på sms tidlegare i veka.

Det er nå dei i aldersgruppa 18-24 år og 40 - 44 år som blir vaksinerte.

I løpet av veke 30 vil ein byrje på den siste gruppa: dei med alder frå 25 til 39 år.

Totalt har no 1.942 suldøler fått første dose med vaksine, og 1.311 er fullvaksinerte.

Dette betyr at 66 prosent av innbyggarane over 18 er vaksinerte med første dose, og 44 % er fullvaksinerte.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag: 08:00 - 15:30