Vaksinasjon etter gjennomgått covid-19

Folkehelseinstituttet tilrår at vaksinedose etter gjennomgått covid-19 avventast til 3 månadar etter du er frisk, då eit lenger intervall gir betre effekt av vaksinasjon.

Oppfølgingsstudier visar at vern etter gjennomgått infeksjon er høgt dei første 6 månadane og at du kan velgja å avventa i opp til 6 månadar før vaksine takast. 
Dersom det går meir enn 6 månadar mellom gjennomgått infeksjon og vaksine vil du like fullt vere rekna som fullvaksinert med kun éin vaksinedose. 

Dersom dosen takast tidlegare enn 3 månadar vil den vere gyldig, og du reknast som fullvaksinert, dersom det er meir enn 3 veker mellom positiv test og vaksinasjon.


FHI

Framleis ikkje vaksinert?

Det er framleis personar i Suldal som tek kontakt for 1. dose og 2. dose. Me er glade for alle som melder interesse, og vil kalla inn til vaksinasjon fortløpande. Dersom du ønskjer vaksine kan du ta kontakt med koronatelefonen.