Urfe SA inviterar til seminar om norske storferasar 17.-18.oktober

Seminar om norske storferasar på Moi i Rogaland

Stadig fleire bønder ser moglegheiter i ekstensiv, beitebasert mjølk- og kjøttproduksjon på norske landrasar.

 Desse 6 rasane er av fagorganet Norsk Genressurssenter definert som bevaringsverdige rasar:

  • Vestlandsk raudkolle
  • Sidet trønderfe og nordlandsfe
  • Vestlandsk fjordfe
  • Telemarkfe
  • Østlandsk rødkolle
  • Dølafe. 

Talet på kyr av desse rasane auka frå 2155 til 4044 kyr frå 2011-2019 (N.Genressurssenter, årsrapport 2020). Drift med desse rasane kan gje moglegheit for å satse vidare også for små og mellomstore bruk. Dette er relevant for alle husdyrbrukarar som kan drive ekstensivt.

På seminaret vert det vist kalkylar og driftseksempel som gjev konkurransedyktig økonomi i drift med landrasar. 

Les meir informasjon om seminaret og påmelding (PDF, 65 kB)