Tilstandsrapport for barnehage, skule og SFO 2020

Alle barn og unge i Suldal skal oppleva læring og meistring i eit trygt og inkluderande miljø kvar dag
 

Dette målet i kommuneplanen ligg til grunn for innhaldet i den pedagogiske praksisen i barnehage, skule og SFO i Suldal.

Tilstandsrapporten 2020 gir eit oversyn over tal, resultat og kvalitetsarbeid i barnehagar og skular. Den gir ei oversikt over kva me skal vektlegga i arbeidet framover.
Me legg vekt på å sikra «ein raud tråd» og god samanheng gjennom oppveksten til barn og unge og derfor utarbeidar me ein felles tilstandsrapport. Denne skal hjelpa oss med eit felles blikk i vidareutviklinga av barnehage og skule.

Korleis skal me sikra kvalitetsarbeidet fram mot målet i kommuneplanen?

  • Gode overgangar står sentralt i arbeidet vårt og me prøver ut ei ordning i dei tre største grendene med at ein tilsett i barnehagen følgjer med borna over i 1. klasse. 
  • Eit trygt og inkluderande leike-og læringsmiljø er grunnlaget for at barn og unge skal oppleva læring, utvikling og meistring. Barnehagar og skular skal kjenna godt til lovverket i samband med mobbing og har aktivitetsplikt ved informasjon om at barn og unge ikkje har det trygt og godt. Førebyggjande arbeid har stort fokus.
  • Støtta og gi barn og unge «verktøy» til å bli robuste i møte med ulike utfordringar. Då krevst det òg at dei vaksne rundt barn og unge er robuste og arbeider systematisk.
  • Kompetanseutvikling tyder at den enkelte barnehage og skule skal analysera resultat frå faglege og psykososiale kartleggingar og vidareutvikla den pedagogiske praksisen. Fleire tilsette tek òg vidareutdanning.
  • Laget rundt barn og unge krev god samhandling mellom dei ulike tenestene. Suldal er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats) og det skal sikra at samarbeidet kring barn og unge vert gjennomført systematisk.

Tilstandsrapporten 2020 kan du lesa i sin heilskap her (PDF, 8 MB)

Britt-Elin Håranes
Rådgjevar skule
E-post
Telefon 52 79 22 67
Mobil 404 82 226