Tilskotsmidlar for tilrettelegging for friluftsliv

 Utlysing av tilskotsmidlar

Kommunen har avsette tilskotsmidlar for å kunna merka, skilta og elles legga til rette for gode turstiar og skiløyper rundt om i kommunen.

Hensikta er å stimulera til fysisk aktivitet for fastbuande, men òg for å gi gode tilbod til tilreisande. 

Frivillige- og ideelle organisasjonar og stiftingar, velforeiningar, grendeutval og «dugnadsgjengar» kan søkja om tilskot til sitt arbeid.

Slik søkar du

Søknad sendast via digitalt søknadsskjema.

I søknaden må ein beskriva tiltaket med kostnadar og kor tiltaket er tenkt gjennomført. 

Søknadsfrist

I løpet av året er det to søknadsfristar: 

  • 24.04.2022 
  • 01.09.2022 
     
Torill Telstad
Rådgiver
E-post
Telefon 52 79 24 64
Mobil 994 03 439