19.03.2021 - Oppdaterte råd om besøk
Smittetrykket aukar i kommunane rundt oss, og den britiske mutasjonen av Covid-19 ser ut til å være meir smittsam. Mange av bebuarane i institusjonane og våre er vaksinerte, men risikoen for Covid 19 vil samstundes vere til stade sidan vaksinen ikkje gir full beskyttelse hjå alle.
Det er særleg pasientar i korttidsavdelingar og tilsette som ikkje er fullvaksinerte.
- Me oppfordrar familie og vener av bebuarar på institusjonane til å vente ti dagar før besøk dersom dei har vore i område med stort smittetrykk.
- Når besøk er naudsynt rår me til at besøkande brukar munnbind, og held 2 meters avstand til bebuaren.
- Om både bebuar og den som kjem på besøk er fullvaksinerte kan ein ha nærkontakt.
- Alle besøkande må vera friske.
- Alle besøk i institusjonane våre skal avtalast på førehand. Besøkande vert registrert for at me lettare kan spore smitte, om det vere naudsynt.
Me har forståing for at tiltaka i somme situasjonar vil vere for inngripande. Personalet vil legga til rette at for at smittevernomsyn blir ivareteke under besøk.
Digitale besøk
Me tilbyr digitale besøk via iPad. Digitale besøk avtalast med personale på eininga.
Spørsmål?
Kontakt leiar for å drøfte din situasjon om du har spørsmål til besøk i institusjon.