Test av varslinga "Viktig melding - søk informasjon" 08.06.2022

Onsdag 8. juni kl. 12 testar Sivilforsvaret varslinga "Viktig melding  - søk informasjon" i alle kommunar som har varslingsanlegg.

Om varslinga

To gonger i året, i januar og i juni testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekka at dei verkar og for å reparere dei som er defekte.

Signalet vert sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet tyder at du skal søka informasjon til dømes i radio, tv, aviser, på heimesidene til myndigheiter og i sosiale media. 

Noreg har 1250 flyalarmar rundt om i landet som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader, og signala kan høyrast av omlag halvparten av befolkninga. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fredstid og i krig. 

Les meir på heimesida til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Information in Ukrainian on testing of aircraft alarms  (PDF, 89 kB)

Information in English on testing of aircraft alarms  (PDF, 54 kB)