Suldal - vald ut som føregangskommune på lokaldemokrati

Regjeringa har starta eit prosjekt for å utvikla lokaldemokratiet i norske kommunar, og har valt ut Suldal som ein av sju kommunar som arbeider særlig godt med å utvikla sitt lokaldemokrati, og som tar i bruk modellar som andre kommunar kan la seg inspirera og læra av.

Ordførar Gerd Helen Bø Suldal foto Suldal er vald ut grunna vårt arbeid med nærdemokrati gjennom grendeutvalsordninga, og skal i prosjektperioden blant anna arbeida med å vidareutvikla denne demokratiske arenaen. 

- Nærdemokratiet er viktig for gode lokalsamfunn. I Suldal er vi stolte av ordninga med grendeutval og eg ser fram til at vi skal vidareutvikla denne i eit spennande samarbeidsprosjekt initiert av kommunal- og distriktsdepartementet, seier Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal. 

Departementet har ønskja å få med, og i neste runde visa fram, kommunar som nyttar ulike ordningar for å inkludera innbyggjarane sine synspunkt i lokalpolitikken. Formålet med prosjektet er at kommunar kan kjenna seg igjen i og læra av dei utvalde kommunane. − Erfaringane skal delast med resten av Kommune-Norge, og inspirera kommunar med ulike forutsetningar til å legga til rette for demokratisk deltaking frå innbyggarane på, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.

Det var 32 kommunar som søkte om å få bli føregangskommune, og dei seks kommunane som er valde ut saman med Suldal er Bergen, Bodø, Sunnfjord, Gjøvik, Lørenskog og Vadsø. Prosjektet skal gå over ein toårsperiode.

Gerd Helen Bø
Ordførar
E-post
Telefon 52 79 22 01
Mobil 414 73 037