Suldal kommune startar innkalling til 4.dose koronavaksine

Frå 1.juli vil alle innbyggarar over 75 år få tilbod om oppfriskningsdose av koronavaksine. 

Om innkalling og vaksinering

I henhald til FHI sine retningslinjer er bebuare i institusjon prioriterte. Suldal startar vaksinering av bebuare på Suldal sjukeheim og Vinjarheim i veke 29 og 30.

Vidare vil andre i aldersgruppa få tilsendt innkalling via SMS til vaksinering torsdagar og fredagar frå veke 31.

Vaksinering finn stad på Suldal legekontor.

Viss du ikkje ønskjer vaksine eller det har gått mindre enn 4 månader sidan førre vaksinedose, ber me deg kontakta legekontoret for å avbestilla timen din.

Vidare vaksinering

Frå 1.september vil det gå ut innkallling med tilbod om vaksine til dei mellom 65 år -74 år og til risikogrupper med underliggande sjukdomar.
 

Legekontor
Telefon 52 79 23 00