Suldal kommune er klare for busetting

Suldal og resten av kommunane står klare

Suldal kommune har vedtatt å busetta 90 flyktningar i 2022. Samla har kommunane i Noreg vedtatt å busetta tett oppunder dei 35 000 som myndigheitene forventar at skal komma til landet i år. Av desse reknar ein med at 30 000 kjem frå Ukraina. Per i dag har rett under 15 000 ukrainarar registrert seg som asylsøkarar og av desse er 332 busette medan 1 351 ventar på busetting. Politiet, UDI og resten av mottaksapparatet har auka kapasiteten for å handtera trykket og no er fleire flyktningar klare for busetting. Situasjonen er framleis usikker og det endelege og faktiske busettingstalet vil vera avhengig av mange faktorar, ikkje minst korleis krigen i Ukraina utviklar seg framover. 

Tidsplan

Integrerings- og Mangfaldsdirektoratet har bedt kommunane om å laga ein tidsplan for kor mange personar som kan busettast maksimalt per veke til og med august. Suldal kommune har rapportert at ein er klar til å busetta opp til 16 personar i v.18/19, 19 personar i v.22/23, 21 personar i v. 32 og 5 personar i v. 35. Makstala reflekterar det som er mogleg å losjera i dei aktuelle bustadane. Kommunen får likevel ingen garantiar for at tidsplanen blir følgt og truleg vil den faktiske takten i busettinga skilja seg frå denne. 

Busettinga startar på Sand og Jelsa

Med utgangspunkt i kartlegginga av bustadar som er gjennomført, vil kommunen busetta flyktningane på Sand og Jelsa i mai/juni. I august planlegg vil så Nesflaten og Suldalsosen vere aktuelt. Suldal kommune er i dialog med dei ulike grendautvala og vil saman med dei fortsetta å invitera til informasjonsmøte i dei aktuelle grendene. På grunn av usikkerheit rundt busettinga, føreslegne endringar i lovverk og dei ulike faktorane som påverkar kva som blir praktisk mogleg, vil kommunen ta atterhald om at planen kan endrast. 

Suldal kommune har fått dei første førespurnadane om busetting av flyktningar 

Kommunen planlegg for å busetta seks personar frå Ukraina i v. 18/19 på Sand og Jelsa, i tråd med tidsplanen. 

Suldal kommune ønsker framleis meldingar 

I arbeidet med busetting og integrering av flyktningar, spesielt i det omfanget som det nå ligg an til, er kommunen avhengig av at heile samfunnet er med. Privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter har alle sine roller som kan utfylla det som det offentlege kan tilby. Engasjementet for Ukraina er sterkt og forståeleg, men det trengst også for flyktningar med annan bakgrunn og i åra framover. 

Meld inn tilgjengelege bustadar via dette skjemaet. 

Meld inn frivillige bidrag i form av innsats og gåver hos Suldal Frivilligsentral.