Suldal kommunale næringsfond

Suldal kommunale næringsfond kan yta økonomisk stønad til tiltak som fremjar næringslivet
i distriktet som vert berørt av Røldal-Suldal Kraft A/S si utbygging.
Stønad kan gis til enkeltpersonar, andelslag, aksjeselskap og offentlege institusjonar.

Fondet kan yta: • tilskot • aksjeteikning • stipend • i spesielle tilfelle lån

Søknaden skal innehalda:
• Namn og organisasjonsnummer på søkjar
• Omtale av prosjektet
• Budsjett med finansieringsplan
• Teikningar


Før utbetaling av løyvd tilskot:
• Dokumentasjon på utgiftene
• Ferdigmelding


Søknad må vera mottatt av Styret for Suldal kommunale Næringsfond v/Udmund Nybø, Skulevegen 21, 4244 Nesflaten, eller på epost: udmund.nybo@gmail.com innan 31.01.2020