Studentstipend

Suldal kommune tilbyr stipend til sjukepleiar-, barnehagelærar-, og medisinstudentar

Me kan tilby stipend til unge som:

1. er medisin- sjukepleiar- eller barnehagelærarstudent
2. har relevant sumarjobb og/eller helgejobb i Suldal kommune*
3. er folkeregistrert i Suldal


Stipendet er på 10.000 kr årleg om det er meir enn eitt år igjen av studiet, og på 25.000 kr det siste studieåret. Stipendet kjem i tillegg til den ordinære løna.

*Ein sommarjobbavtale må vera på minimum fem veker i heil stilling, og ein helgeavtale bør vera på minimum 3-. kvar helg.  Dersom du ikkje har arbeidsavtale, men ønskjer dette, vil stipend vere avhengig av om me har slik stilling ledig.

Kvifor gjer kommunen dette?
Me treng denne kompetansen! Det ligg ikkje ei forplikting til å søkja i Suldal etter utdanninga, men me trur det er meir aktuelt å søka stillingar her når du som student har hatt tett kontakt med oss i studietida. Kommunen kan ikkje lova jobb ved fullført utdanning, men det er ei føremon å vera godt kjent på aktuelle arbeidsplasser.

Korleis?
Dersom du er interessert i dette, fyller du ut skjemaet under. Søk i tillegg på sommarjobb eller helgestilling som du ser utlyst eller som du har hatt kontakt med einingsleiar om.  Det er ikkje søknadsfrist men ei løpande vurdering etter kvart som søknader kjem inn. Ordninga har ei øvre ramme på totalt stipendbeløp. I vurderinga om stipend skal innvilgast på nytt for eit år til  vil også tilbakemelding frå arbeidsgjevar bli henta inn. Kommunen står fritt til å ikkje inngå ny avtale.

Lurer du på noko?
Kontakt kommunalsjef Grethe Jæger Anglevik (helse og omsorg) eller kommunalsjef Ingebjørg Rullestad Gjerde. (barnehage)

 

Søk her:

https://www.suldal.kommune.no/sd/skjema/SKO0024/

Fann du det du leita etter?