Straumstøtte til næringslivet - Forlenga søknadsfrist 25.april
Kommunestyret i Suldal har vedteke ei kommunal tilskotsordning for lokale verksemder råka av auka utgifter grunna høge straumprisar. No er det ope for søknad om tilskot.
Om tilskotsordninga
Suldal kommune gir straumstøtte til næringslivet for perioden desember 2021 til mars 2022.
Kommunen dekkjer 55% av kostnaden over 70 øre/kWh eks. mva for straumforbruket i desember 2021, og 80 % av kostnaden over 70 øre /kWh eks. mva for straumforbruket i januar, februar og mars 2022. Det vert gjeve tilskot på forbruk inntil 80 000 kWh for perioden.
Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris for månaden/perioden.
Dette er tilsvarande ordning som private hushald, landbruket og veksthusnæringa har fått frå statleg hold.
Les vedtaket om tilskotsordninga i sin heilskap på innsyn
Kort om kriteria
• Målernummer/Målepunkt-ID må vere registrert på eit organisasjonsnummer med kode næring. Det må kome klart frem av fakturaen.
• Målgruppa er små og mellomstore verksemder (verksemder med mindre enn 100 tilsette)
• Landbruket og veksthusnæringa er ikkje omfatta av ordninga.
• Produsentar av kraft er ikkje omfatta av ordninga.
Slik søkar du
- Søk via digitalt søknadsskjema i lenka under
- Søknaden må dokumenterast med faktura for straum for månadane desember 2021, januar, februar og mars 2022.
- Søknad signerast digitalt ved innsending
Søknadfrist 25.april
Søknadsskjema for straumtilskot til næringslivet
Publisert av Martine Førre
Publisert 20.04.2022 14.05