Strandryddeveka 8. - 17. september
Hold Norge Rent oppfordrar så mange som mogleg til å delta på den årlege Strandryddeveka 8. - 17. september.
I Suldal er me så heldige at me har skuleklassar, foreningar og ikkje minst enkeltpersonar som er ute å ryddar heile året. Ein stor takk til alle som gjer ein innsats.
Strandryddeveka
Hold Norge Rent
Stadig påfyll av søppel
Dessverre kjem det stadig påfyll. Rydding langs strendene er derfor ein kontinuerleg jobb. Rydding langs vatn og vassdrag er og eit viktig bidrag.
Me deler ut gratis hanskar og søppelposar
Dersom nokon ynskjer å gjere ein ekstra innsats under Strandryddeveka minner kommunen på at gratis hanskar og søppelposar frå Hold Norge Rent kan hentast på Garaneset heile året.
Publisert av Elisabeth Bjørkhaug
Publisert 05.09.2023 14.09