Støtteordningar for straum og energieffektiviserande tiltak

For tida vurderer Suldal kommune ulike støtteordningar for straum og energieffektiviserande tiltak. Det er forståeleg nok spennande tider og eit stort engasjement rundt dette. 

Onsdag 21. september skal kommunestyret behandla desse sakene. Dersom kommunestyret vedtar støtteordningar vil administrasjonen trenga litt tid til å få dette på plass. 

Du kan følgja med på facebook eller nettsida vår, her me vil leggja ut informasjon fortløpande. 

Du kan også følgja kommunestyret direkte på nett onsdag 21. september. Møtet startar kl. 10.00. 

Her kan du lesa sakene kommunestyret skal behandla.