Stortingsvalet - Førehandsrøysting

valg - Klikk for stort biletevalg Informasjon om førehandsrøysting

 

Tidlegstemming:

Du kan «tidlegrøyste» frå 3. juli til 9. august 2017 på Servicetorget på Kommunehuset i opningstida som er kl 08:00 til 15:30 dersom du ikkje har høve til å røyste innaføre perioden for ordinær førehandsrøysting eller på valdagen.

Du treng ikkje valkort, men hugs legitimasjon.

Ordinær førehandsrøysting:

Førehandsrøysting i Suldal kommune skal skje frå 10. august til og med 08.09.2017.

Førehandsrøystinga vert avvikla på følgjande stader til følgjande tider:

Kulturhuset i Suldal

Torsdag 10. august                kl 11.00 til 15.00

Fredag 11. august                 kl 11.00 til 15.00

 

I tida 14. august til og med 8. september:

Måndag, tysdag og onsdag   kl 10.00 til 16.00

Torsdag                                 kl 10.00 til 18.00

Fredag                                   kl 10.00 til 15.00

 

Laurdag  26. august               kl 11.00 til 15.00

Laurdag 2. september           kl 11.00 til 15.00

 

  • Suldal sjukeheim, Vinjar bu- og omsorgssenter og Jelsa bu- og omsorgssenter etter nærare avtale med styrarane. Leiaren i valstyret godkjenner tidspunkta.

 

Veljarar har høve til å avgi førehandsrøyst i kva kommune som helst i landet. Veljaren er sjølv ansvarleg for å avgi røyst så tidleg at røysteseddelen kjem inn til valstyret i rett kommune innan kl 17:00 tysdag etter valdagen.

Dersom du røyster på førehand, kan du ikkje røyste på nytt valdagen. Du kan heller ikkje røyste på førehand fleire gonger.

Hugs å ta med legitimasjon og valkort.

Røyste heime:

Er du sjuk eller ufør, og ikkje kjem deg til vallokalet i førehandsrøystingsperioden, kan du søke kommunen om å få røyste heime. Dersom du får lov til å røyste heime, kjem det valfunksjonærar frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsrøysta di der.

Fristen for å søkja er 5. september 2017.

Søknad kan sendast til: dagfinn.helland@suldal.kommune.no eller anne.brit.mikkelsen@suldal.kommune.no. Du kan og ringje desse på telefon 52792200.

Fann du det du leita etter?