Stipend og legatmidlar - Søknadsfrist 31.01.2022

Det skal for året 2021 delast ut midlar frå Legat til sosiale føremål og Utdanningslegat i Suldal kommune. Fristen for å søkja er 31.01.2022.
 

Stipend til sosiale føremål

Utdrag frå vedtektene: §3 Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjoner og enkeltpersonar.
Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn.

Me gjer merksam på at enkeltpersonar kan søkja. Det kan vera å få økonomisk stønad i samband med opphald på rehabiliteringsinstitusjon etter sjukdom, eller stønad til naudsynte hjelpemiddel som ikkje vert dekka av det offentlege.

Stipend frå utdanningslegat

Stipend kan delast ut til ungdom som tek utdanning ved høgskule etter følgjande føresetnarader:

  • Søkjaren må ikkje ha fylt 30 år innan utgangen av 2021
  • Søkjaren må vera heimehøyrande i Suldal kommune på søknadstidspunktet
  • Søkjaren må ha utdanning ved godkjent utdanningsinstitusjon
  • Kvar person kan berre få stipend ein gong
  • Studiet må vera på over fem månadar for å utløysa stipend

Søknadsskjema for stipend og legatmidlar

Midlane vert delte ut våren 2022.