Stenging av barnehage og skule - 13. - 26. mars

kl 14 i dag varsla regjeringa at alle barnehagar og skular i Noreg skal stengja, frå 13.mars til og med 26. mars. Dette for å hindra smittespreiing av Koronaviruset.

Dei fleste handterer viruset fint, også born, men det er ein del sårbare grupper som ikkje gjer det. Difor er dette eit viktig dugnadsarbeid for å hindra og avgrensa smitte. Suldalsskulen vil så forsøka å organisera undervisning digitalt. Nærare instruksjonar vil koma.
 
Me ber om at utstyr/bøker/klede osv. i barnehage og skule blir henta innan fredag 13. mars dersom mogleg.
Det er viktig at Suldalssamfunnet no står saman og hjelper kvarandre. Helsepersonell og anna personell med samfunnskritiske funksjonar skal prioritera å koma på jobb. Suldal kommune vil ha tilbod for born med særskilde omsorgsbehov, og for born av foreldre som må prioritera å gå på jobb, desse 15 gruppene er definert slik:
 
Styring og kriseledelse
Forsvar
Lov og orden
Helse og omsorg
Redningstjeneste
IKT-sikkerhet i sivil sektor
Natur og miljø
Forsyningssikkerhet
Vann og avløp
Finansielle tjenester
Kraftforsyning
Elektroniske kommunikasjonstjenester
Transport
Satellittbaserte tjenester
Apotekene
 
Dersom du tenkjer du er i ein av desse gruppene kan du levere dei som vanleg i morgon. Nærare avgrensingar og klargjeringar på kven som er definert vil vere klart i morgon. Me kjem med meir informasjon fortløpande.