Status vaksinering og innkalling til 4.dose

Personar med underliggande sjukdom får no tilbod om 4. dose vaksine mot korona.

Vaksinasjonsstatus

Vaksinerte over 18 år
Vaksinert dose 1 Vaksinert dose 2 Vaksinert dose 3 Totalt gjevne vaksiner
2718 2761 2398 7885

Vaksineringa i Suldal går som planlagd. Etter råd frå FHI kallar me no også inn personar med underliggande sjukdommar til 4.vaksinedose. Innkallinga vert som tidlegare sendt ut på SMS via Varsling24.

Underliggande sjukdom 

Personar som har organtransplantasjon, immunsvikt, hematologisk kreftsjukdom siste fem år, annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift), nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese), Downs syndrom, kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsatt nyrefunksjon (stadium 5), samt immunsupprimerte (immunnedsettande behandling) i henhald til denne medikamentlista (PDF, 527 kB) vert kalla inn. 

Personar med underliggande sjukdom bør få dose 4, med intervall mellom 3. dose og oppfriskningsdose på minimum 3 månadar.

Dersom du meiner du tilhøyrer disse, men ikkje mottek innkalling til 4.dose, ber me om at du tek kontakt med koronatelefonen. Dette gjeld også personar som har fått beskjed frå sjukehuset om at de skal ha 4. dose. 

Det er stor pågang på koronatelefonen og me har ikkje høve til å svara på SMS. Dersom du ikkje får svar på telefon kan du senda epost til korona@suldal.kommune.no

Fremleis ikkje vaksinert?

Dersom du ikkje er vaksinert er det framleis ikkje for seint å ta den første vaksinedosen. Det er venta meir smitte i tida som kjem, og for å beskytta deg sjølv og samfunnet på best mogleg måte ber me deg ta kontakt med oss for å avtala vaksine.