Status smittesituasjon og vaksinering
Vaksinasjon
Det er gode vaksinasjonstal i kommunen vår og den vidare vaksineringa går som planlagd. Måndag 10.januar vil 344 suldøler få SMS med innkalling til sin 3. vaksinedose.
I tabellen under finn du oversikt over kor mange av innbyggarane våre som har fått 1., 2. og 3.vaksinedose.
Smittesituasjon
Dei siste dagane er det ikkje påvist nye smittetilfelle i Suldal. Siste smittetilfelle var 03.01.2022.
Dei klare råda til alle innbyggjarane er:
- Følg med på om du utviklar symptom
- Ha få nærkontaktar
- Ha låg terskel for å be om test
Dersom du vil testa deg i helga kan du kontakta koronatelefonen for utdeling av hurtigtest.
Søndag har me tilbod om PCR-test frå kl.10:00 - 14:00.
Publisert av Martine Førre
Publisert 07.01.2022 15.28