Status - busetting av flyktningar i Suldal

Arbeidet med busetting av flyktningar famnar heile kommunen og alle tenesteområda våre. Suldal skal ta i mot 90 flyktningar, men det endelege talet er usikkert.

Suldal og resten av kommunane er i full gong

Suldal kommune har vedtatt å busetta 90 flyktningar i 2022. Samla har kommunane i Noreg vedtatt å busetta tett oppunder dei 35 000 som myndigheitene forventar at skal komma til landet i år. Av desse reknar ein med at 30 000 kjem frå Ukraina. Per i dag har 25 000 ukrainarar registrert seg som asylsøkarar i landet og dei får i første omgang opphald i eitt år. 

Status i Suldal

I tråd med den opphavlege planen blei busettinga starta på Sand og Jelsa før sommaren og den fortset nå på Nesflaten og Suldalsosen. Totalt er 43 personar busette til nå og ytterlegare 17 er på veg dei neste vekene. Alle desse er frå Ukraina og ca 2/3 av dei er vaksne. Kommunen gjer ei vurdering av behova til dei som kjem og det samla tenestetilbodet når det blir avgjort kor den enkelte blir busett. 

Stort engasjement

Kommunen opplever framleis stort engasjement for flyktningane og takkar for alle store og små bidrag. I arbeidet med busetting og integrering av flyktningar, spesielt i det omfanget som det nå ligg an til, er kommunen avhengig av at heile samfunnet er med. Privatpersonar, lag, organisasjonar og bedrifter har alle sine roller og kan utfylla det som det offentlege kan tilby. Engasjementet for Ukraina er sterkt og forståeleg, og det trengst også for flyktningar med annan bakgrunn og i åra framover. 
 

Meld inn tilgjengelege bustadar via dette skjemaet. 

Meld inn frivillige bidrag i form av innsats og gåver hos Suldal Frivilligsentral.