Søknad om tilskot til varmepumpe - ope for søknad

No er det opna for å registrera søknad om tilskot til varmepumpe luft til luft. 

Informasjon om støtte til energieffektiviserande tiltak: 

  • Formålet er å støtta energieffektivisering i Suldal kommune. 
  • Ordninga er eit incentiv for nye tiltak, gjennomført etter 01.10.2022.
  • Tiltak som tidlegare er igangsett, men ikkje ferdigstilt, vil ikkje falla inn under støtteordninga.
  • Ordninga gjeld tiltak ENOVA tilrår. 
  • Bygget må ligge i Suldal kommune og søkjar må vera juridisk eigar. 

Kven vil få støtte?​

Søknaden det no er opna for gjeld private hus og hytter. Tilskot utgjer 50% av investeringskostnadnen, inntil kr.20 000,-. 

Korleis søkjar eg?

Du søkjer via digitalt skjema under. Skjema krevjer innlogging med bank-id. 

Før du loggar inn i skjema må du ha følgande klart: namn, adresse, personnummer, kontonummer, skildring av tiltak, kopi av tilbod frå leverandør/fakturakopi, faktura ved utbetaling.

​Søknadsskjema for tilskot til varmepumpe - luft til luft

 

Søkjer du før tiltaket er utført?

Dersom du søkjer før tiltaket er utført må du ettersenda faktura til kommunen når varmepumpa er ferdig installert. I skjema for ettersending må referansenummer i tidlegare innsendt søknad registrerast. Dette referansenummeret finn du i kvitteringen for skjema du sendte inn.

Ettersending av dokumentasjon til søknad - varmepumpe luft til luft