Søknad om støtte til varmepumpe luft til vatn og solceller - ope for søknad

No er det opna opp for å registrere søknad om støtte til varmepumpe luft til vatn, og solceller - for private. 

Korleis søkjer eg?

Du søkjer via digitalt skjema. Skjema finn du ved å følgje lenka under. 

Skjema krevjer innlogging med bank-id. Før du logger inn i skjema må du ha klart:

  • Namn
  • Adresse
  • Personnummer
  • Kontonummer
  • Skildring av tiltak
  • Kopi av tilbod frå leverandør/fakturakopi, faktura ved utbetaling (dersom du søkjer før tiltaket er utført kan du ettersenda dokumentasjon på faktura).

 

Søknadsskjema og meir informasjon om støtteordningane finn du på denne sida. 

Ronny Mehus Rugland
Rådgjevar Økonomi
E-post
Telefon +47 95 73 16 67