Snøskuterkøyring

Påminning om reglar som gjeld snøskuterkøyring

Me minner om reglane som gjeld for snøskuterkøyring. Langfredag er det forbod mot skuterkøyring. Turkøyring og «jollykøyring» er ikkje lov i det heile i Suldal kommune.  Det er berre dei som har løyve eller som kan køyre direkte i medhald av motorferdsellova  som har lov ferdast på snøskuter, og då berre i lovlege oppdrag. Også dei skal ta særleg omsyn til folk og dyr. I år minner me spesielt om reinsdyra som har trekt lengre heimover enn vanleg.