Skogbruket i Suldal treng arbeidskraft til vårplantinga

Skogbruket ser etter arbeidskraft for å planta omlag 350 000 skogplanter i Rogaland før sommaren kjem.

Kvar vår og haust skjer det ein storstilt arbeidsinnsats i norske skogar med planting av ny skog. På landsbasis er det i overkant av 35 millionar planter som skal i jorda i 2021. Styrsteparten av plantinga skjer vanlegvis ved hjelp av utanlandsk sesongarbeidskraft, men innreiserestriksjonane på grunn av koronasmitten gjer dette vanskeleg i år.

Statsforvaltaren i Rogaland, AT skog, Nortømmer og kommunane hadde tysdag før påske møte for å avklara situasjonen i Rogaland. På kjølelager ligg det omkring 350 000 skogplanter som er planlagt planta i Rogaland fram mot sommaren og som planteaktørane per i dag er usikre på om dei har arbeidskraft til å planta. Plantinga skal i hovudsak skje på Haugalandet, i Ryfylke og i Dalane.

Vil du planta skog?

Aktørane har difor behov for å engasjera personar som kan gjere ein praktisk jobb med planting av skog eller vera arbeidsleiar for ei arbeidsgruppe. Arbeidet er fysisk og føregår ute i skog og mark.

Kontakt

I Suldal kan du kontakta Turi Ottersland Tjøstheim om du eller nokon du kjenner er interessert i gjere ein jobb for å få opp ny skog i Rogaland.

Les meir på heimesida til statsforvaltaren.

Turi Ottersland Tjøstheim
-
E-post
Telefon 52 79 24 02
Mobil 986 83 104