Sjølvhjelpt på pc og mobil

Dette er eit gratis tilbod til deg som ønskjer å bli tryggare på korleis du bruker pc og mobil i kvardagen. 

Aktuelle tema

Frivilligsentralen og Ryfylkebiblioteket arrangerer våren 2023 fire møte med ulike tema som skal hjelpe deg til å bli meir sjølvhjelpt på pc og mobil.

Aktuelle tema kan vera:
- Tryggleik, digital pålogging.  
- Kommunale nettsider med søknadsskjema.  
- Boklån og billettkjøp.  
- Helse, timebestilling, HelseNorge 

 

Tidspunkt

Første møte blir torsdag 9. mars klokka 13.00 på hovudbiblioteket på Sand. 
Då vil me snakka saman om kva tema som er aktuelle å gå nærmare inn på og avtala møtetidspunkt vidare. Du treng ikkje melda deg på, det er berre å komma. 
Velkommen!
Suldal frivilligsentral og Ryfylkebiblioteket Suldal