Siste frist for å søkja kontantstøtte for straumutgifter er 15. januar 2023.

Alle personar folkeregistrert i Suldal pr. 01.09.22 kan søkja om kontantstøtte for straumutgifter. Siste frist for å søkja er 15. januar 2023. 

Kven kan få støtte?

Støtteordninga gjeld personar folkeregistrert i Suldal kommune pr.01.09.2022.

Kor mykje vil eg få i støtte?

Kvart hushald vil få kr 5000,- i kontantstøtte til straumutgifter.
I tillegg vert det utbetalt kr 3000,- per person i hushaldet.

Korleis søkjar eg?

Det skal sendast 1 søknad pr. hushald.

Du må registrera opplysningar om hushaldet i digitalt skjema.

Skjema krevjer innlogging med Bank-id.

Dette må du ha klart før du loggar inn i skjema

Skjema krevjer innlogging med Bank-id.

I skjema må du registrera opplysningar om alle dei busette i hushaldet.

  • namn
  • personnummer
  • kontonummer for utbetaling
Skal du søkja på vegne av andre enn dei du sjølv bur saman med?

Du kan søkja på vegne av andre enn dei du sjølv bur saman med.

Døme er:

  • slekt/besteforeldre du ikkje bur saman med
  • person du er verge for
  • ikkjedigitale brukarar
  • andre som treng hjelp til å søkja sjølv

Dersom du søkjer på vegne av andre må du legga ved stadfesting på at den du søkjer for eig kontonummeret utbetalinga går til.

For føresette med barn med delt bustad

I tilfelle med barn med 50/50 delt bustad vert barnetilskotet delt mellom dei føresette. 

Du må registrera namn og personnummer på den andre føresette i skjema.

Krav til dokumentasjon ved innsending for andre

Dersom du søkjar på vegne av andre må du ha følgjande dokumentasjon klar før du loggar inn i skjema:

  • Namn
  • Adresse
  • E-post
  • Telefon
  • Fødselsnummer
  • Kontonummer for utbetaling
  • Vedlegg som stadfestar at den du søkjar for eig kontoen støtta vert utbetalt til. (Døme: Kopi av bankkort, kontoutskrift ol.)
Treng du hjelp til å søkja?

Dersom du treng hjelp til å søkja kan du kontakta: 

  • Organisasjon og innbyggarkontakt
  • Introsenteret i Suldal
  • Kulturhuset i Suldal - biblioteket
  • NAV
Søknadsfrist

Støtte vert utbetalt over 4 månadar. 

For å garantera første utbetaling i november vert frist sett til 18.november. 

 

Absolutt siste frist for å søkje er 15. januar. 

Utbetaling

Støtta vert utbetalt over 4 månadar.

Du vil få varsel på e-post før første utbetaling.

Utbetaling skjer i slutten av månadane november, desember, januar og februar.

Har du registrert feil opplysningar i søknaden din?

Slik går du fram dersom du har registrert feil opplysningar i søknaden din: 

  • Dersom innsendar har gløymd å registrera deg sjølv som medlem i hushaldet treng du ikkje senda ny søknad, då systemet vil fanga dette opp.
  • Dersom du har gløymd å registrera barn eller andre må du senda ny søknad på dei det gjeld. 
  • Ved andre feil som kontonummer, adresse, delt bustad og anna må du senda ny søknad.

På den nye søknaden må du skriva i kommentarfeltet på siste sida at søknad 1 inneheld feil.

Søknadsskjema for kontantstøtte